fredag 14. november 2008

Livet er urettferdig!

Ei lita oppsummering av denne veka.
Akkurat denne veka har nok vore noksaa spesiel for mange av oss, vi har nemlig vore i eit slumomraade kalla Huaycan. Der bor det ca 8200 mennesker som har klamra seg fast oppetter torre fjellsider, der det er tort store delar av aaret, og nesten umogleg og dyrke noko.

Forste gang vi kom dit var det eit stort kultursjokk, men utrulig nok saa blei eg vant til det. Det var ikkje lenger saa stort sjokk for meg aa sjaa ronner av hus som berre saag ut som eit lite skur, eller fattige utmagra ungar som sprang gatelangs og hadde faatt ein skjebne som dei absolutt ikkje fortente. For tru det eller ei, 70% av alle dei ungane som bur der opplever vold og seksuellmisshandling av familiemedlemmar. Modrene veit rett og slett ikkje korleis ein skal behandle eit barn. Det hender ofte at ein 3 aaring blir forlatt til seg sjolv i 16 timar pga at foreldra maa paa arbeid. Eller det kan vere at 6 aaringar faar ansvaret for ein liten baby pga at foreldra maa jobbe.
Det er saa utrulig mange fryktelige historier fraa denne staden, og akkurat difor er ej veldig glad for at AGAPE er der. I lopet av dette aaret har dei klart aa hjelpe 2200 mennesker.

Paa tirsdag og onsdag var vi paa 3 forskjellige skular og hadde undervisning for primaryschool og secondaryschool. Dei yngste tok oss i mot med opne armar og syntest det var utrulig kjekt og hoere om Norge, vi hadde mange bileter som vi viste dei, baade om korleis det ser ut i Norge, kuturen og om dyra vaara.
Dei eldste var nok litt meir skeptiske til oss, nokon likte oss ikkje saa godt, mens andre igjen syntest d var kjempe kjekt.
Ein slager som slo igjennom paa alle dei tre skulane var Aramsamsam og Tutita. To sang leikar som dei syntest var kjempe kjekke;)

Torsdagen var vi i klassene og hjalp dei med aa lage plakatar til Parada som skal vere no i dag (Fredag). Temaet var: Children need protection. Vi laga ogsaa nokre plakatar om "Children needs love" (Amor paa spansk). Desse setningane skreiv vi saaklart paa spansk. Barna pynta plakatane ved aa lage kvar sine hjerter, eller dei tegna rundt handa si. Baade i hjerta og handmerka skreiv dei navna sine inni.

Paa slutten av torsdagen fekk vi vere saman med ungar som var i "shelter". Da var vi nede paa AGAPE senteret og laga fleire plakatar saman med dei barna. Dette var smaa barn som hadde store problem heime, baade naar det gjald vold og misbruk. Ej klare berre ikkje aa skjonne at forledre kan gjere slike grufulle ting mot sanne smaa og skjonne ungar. Smaa ungar som blei saa utrulig glade berre vi var saman med dei. Dei ville stadig holde i handa og sitte paa fanga vaara. Det og glede desse ungane var saa utrulig enkelt og det gjorde meg saa utrulig glad. Dei fekk feks. kvar si sopeboble med oss, og dei hadde glede resten av dagen.
Ei historie vi fekk hoere var om ein av desse guttane som skreik og var lei seg kvar gong han var paa AGAPE senteret, ingen skjoente heilt kva det var. Men den dagen vi hadde vore paa AGAPE hadde han berre smilt og flira heile dagen og hatt det saa kjekt. Det var en god folelse.

Heile situasjonen er saa utrulig rar og ubeskrivelig. I den eine delen av dagen har dei det utrulig bra, men saa veit dei at naar kvelden kjem saa maa dei heim igjen, og der veit dei fortsatt ikkje kva som ventar dei.

En ting er sikkert, desse ungane fortenar saa utrulig mykje meir enn det dei har og opplever no.

Ingen kommentarer: